Årsmøte

Kva er eit årsmøte?

Årsmøtet er det høgaste organet i Sunnfjord SV. Alle medlem i lokallaget har rett til å tale, levere framlegg og røyste på årsmøtet. 

Årsmøtet haldast ordinært innan utgangen av januar kvart år. Møtet kunngjerast med minst 21 dagers varsel. Årsmøtet skal behandla beretning, rekneskap, budsjett, arbeidsplan, innkomne framlegg – samt velge styre, revisor og valkomité. Saker utover dette som ynskjes behandla må sendast til styret seinast 14 dager før møtet. Endeleg innkalling til årsmøtet med dagsorden sendast ut seinast 7 dager før møtet. 

Sjå følgjande side for lokallaget sine gjeldande vedtekter: https://sunnfjord.sv.no/vedtekter/

Saksdokument til årsmøte 2024

Her leggast saksdokument til årsmøte 2024 ut etter kvart som dei vert klare.